Søndagskulen har modernisert seg sidan foreldra til desse borna var deltakarar, noko som er over 30 år sidan. Gitaren er bytta ut med cd- spelar og tavla er bytta ut med prosjektor. Kortet som me samla fisk i garnet er vekke, men dei har framleis kort, men får no diverse klistremerker til å lima i.
Borna på Huglo stortrives på søndagskulen. Sjølv om talet på ungar har gje noko ned dei siste åra, lagar Kari og Per Egil til søndagskule. Dette har dei gjort sidan dei flytta til Huglo for 26 år sidan. At Kari og Per Egil trives i lag med, og har eit godt lag med borna, er lett å sjå. Dei gjere ein kjempejobb!
Denne søndagen var det historien om gjetaren og den bortkomne sauen som vart fortalt. Fyrst vart historien levandegjort med mange fine rekvisitter. Etterpå vart forteljinga vist på lerret ved hjelp av pc, prosjektor og lyd frå cd-spelaren.
Kjempeflott! Kjekt at nokon set pris på det ein held på med.