Kva som trakk mest, underhaldninga av butikkpersonalet eller det strålande veret eller dei nydelege kakene? – i alle fall må det ha vore ny rekord i frammøte denne dagen. Innpå 200 menneske, store og små, med og utan hund, var samla på kaien på Nordhuglo til ein kjempehyggeleg laurdag.
Det fyrste som hende, var at plutseleg, ved synet av alle dei gode heimebake kakene, forsvann alle gode forsetter om å minske kalloriinntaket.

Her var ringspel for dei minste
og gjettekonkurrane for dei litt større: Kva er forskjellen i gram mellom desse to potetane? (ca 175 gram)

Butikk-sumarjobbar Matilde spela på althorn

Rune spela både klassisk gitar og song som ein god Johnny Cash

Nesten heile butikk-personalet song urframføring av Wenche sin Huglabutikk-song. Denne får du teksten til i eiga innlegg.

Trekning av utloddinga: Kvem har vunne strandstolen?
Til sist takka Per Egil, som både er formann i butikkstyret og ein mykje brukt ekstrahjelp i butikken, for frammøtet, og for kundane butikken har “Utan kunder ingen butikk” – og ein stor ekstra takk til butikk-leiar Wenche for den gode måten ho leiar Huglabutikken på.

Takk Wenche, for alt arbeide du legg ned, for den teften du har for kva huglarane vil kjøpa, og for gode idéar til aktiviteter rundt butikken.