- mai-tale 2021
Ja, vel møtt, og Gratulerer med dagen!
Så er han her igjen då, den dagen me gledde oss mest til som ungar, bortsett frå julafta. Og me tek fram igjen nasjonalsongane, dei er like sjølvsagde for 17. mai som dei gode, gamle julesongane er for jula.
Av desse songane er det særleg ein som skil seg ut, slik at han nesten truar med å gjera Ja, vi elsker rangen stridig, iallfall på 17. mai. Det kjem nok av den fengjande melodien og teksten, men sikkert òg av at han har ein dramatisk historie, han blei til «i tronge kår», kan ein seia. Songen blei først skriven til ein revy på Chat Noir-teatret i Oslo under krigen, så tidleg som i 1941, då under tittelen «Det skal lyse igjen over byen», og teksten var mykjegodt den same som no. Melodien «låntok» dei av svenskane, det er opphavleg ein svensk marsj.
Men alt av underhaldning som skulle framførast offentleg på den tida, var pålagd streng sensur, sjølvsagt, og denne teksten måtte vera nokså provoserande for makthavarane. Likevel slapp han igjennom førehandssensuren i det såkalla teaterdirektoratet, som var okkupasjonsmakta sin sensurinstans, slik at han kunne bli framført på generalprøven, og den var open for alle, Forutan publikum var teaterdirektoratet sine folk sjølvsagt der òg, som kontrollørar. Men siste verset var ikkje ferdigsunge før applausen stod i taket, og jubelen ville ingen ende ta!
Det skulle visa seg at sensuren hadde vore for slepphendt med denne teksten, og ikkje merka seg den sterke symbolikken som låg i fargane raudt, kvitt og blått. Det måtte føra tankane til dei allierte sine fargar: Trikoloren (Frankrike), Union Jack (Storbritannia) og Stars and Stripes (USA). Det var jo fienden sine fargar! Dermed vart songen forboden. Men det førde berre til at han fekk nytt, ulovleg liv: han «gjekk under jorda» og vart trykt på flygeblad og i illegale aviser, og sungen av dei som turde. Melodien var lett å læra, og han spreidde seg fort.
Så, under fridomsfeiringa våren 1945, dukka songen opp igjen på revyteatret Chat Noir, no under tittelen Norge i rødt, hvitt og blått. Han blei framførd av legendariske Lalla Carlsen, til enorm jubel. Det er fortalt om ein mann som, etter at han hadde klappa hendene såre og skrike seg hås, reiv i bitar revyprogrammet og åt det! Det høyrer forresten med til historia at tittelen på revyen var Det smaker av fugl, så då var det vel etande, då, det programmet . . .
Men det var no Grunnlova det skulle handla om, eigentleg. Og historia til den kjenner me, frå skulepensum, og me veit, og er stolte av, av ho er er ei av verdas aller eldste som framleis er i bruk. Ho runda jo 200 år for sju år sidan.
Dei som møttest på Eidsvoll i 1814 var framsynte folk, og radikale for si tid. Dei var sterkt påverka av tankane frå den franske revolusjonen, som hadde skapt omveltning i Frankrike 25 år tidlegare. Men når det galdt utforminga av den grunnlova som Eidvollsmennene fekk i stand, var førebiletet nokså mykje den amerikanske grunnlova, som var blitt vedteken i 1787, i Philadelphia. Og dei som stod bak den, der, det var òg ei grunnlovgjevande forsamling, samansett av utsendingar frå dei 13 statane som då utgjorde USA. Så når det galdt måten det vart gjort på, var Eidsvollsmennene òg inspirerte av USA; dei såg det var viktig at heile landet, alle landsdelane, hadde representantar til grunnlovsforsamlinga.
Ser me litt på det som skjer rundt verda, ser me fort at det ikkje er noko sjølvsagt, det å ha ei grunnlov som står seg. For grunnlover kjem og går, etter som land vert utsette for krig, kupp, maktsjuke diktatorar, vaklevorne presidentar eller andre farar. Det blés jo litt harde vindar rundt den amerikanske grunnlova òg nyleg. Men ho reid stormen av, takka vere prinsippfaste høgsterettsdommarar, som, når det kom til stykke, kjende seg meir forplikta til lojalitet mot grunnlova enn mot Donald Trump, som hadde utnemnt nokre av dei. Så etter å ha blitt kvitt Trump og alt hans vesen, kan grunnlova deira vera liv laga lenge. Men til og med i våre dagars Europa finst det grunnlover som står på usikre bein, utruleg nok. Det er t.d. tilfelle i Polen og Ungarn, og det endå dei er EU-medlemer.
Vår grunnlov blei jo sett ut av kraft, innanlands då, i dei fem åra krigen varde, ho «gjekk under jorda», så å seia, den òg. Men takk vere utfallet av krigen kom ho jo opp att og fekk lov til å verka igjen. Og etter det har ho berre vore utsett for det ein kanskje kan kalla «krise», i hermeteikn, for det blés opp til språkstrid omkring ho i forkant av jubileet i 2014. Ei stortingsnemnd hadde nemleg kome med framlegg om å omsetja grunnlova, frå 1800-tals dansk, som ho opphavleg var skriven på, og som framleis gjaldt, til moderne norsk. For det var slik at til og med forslag om endringar i grunnlova måtte førast i pennen på det opphavlege språket, som ikkje berre folk flest ikkje lenger forstod, men det baud òg på problem for språkkonsulentane, som skulle passa på at språket i lova var i samsvar med denne alderdommelege rettskrivinga! Men så var det politikarar som meinte at her måtte ein vera pietétsfull og gå varsamt fram, nokre stortingsrepresentanatar ville ikkje modernisera språket i det heile; og ein grunnlovstekst på nynorsk, som det òg var framlegg om, kom slett ikkje på tale! Det måtte visst ein hestehandel til før det kom til semje, men semje blei det, og no er grunnlova på begge målformer, iallfall.
Det er viktig at Grunnlova, som inneheld dei grunnleggjande rettane og pliktene som lovverket elles byggjer på, er tilgjengeleg for alle. Viktige drivkrefter bak grunnlovsendringar skal jo vera folkeleg engasjement. «Forandre for å bevare» er eit slagord Høgre gjerne brukar, og det høver godt her. Ved grunnlovsjubileet i 2014 vart det, utanom dei språklege forandringane, òg føreteke ein omfattande revisjon av grunnlova, også innhaldsmessig. Blant anna fekk menneskerettane ein meir sentral plass då.
Ikkje sjeldan høyrer me at politikarar og andre hevdar at det eller det tiltaket eller forslaget, gjerne slikt som regjeringa kjem med, er eller kan vera grunnlovsstridig. Eg trur ikkje dei gjer det berre for å krangla, og det viser jo at Grunnlova lever i beste velgåande! Så eg vil slutta med eit ynskje om at ho alltid må gjera det, at ho må fylgja med tida så godt ho kan, så ho kan vera eit langt liv laga.
Fortsatt GOD 17. MAI!
Tekst: Sigrun Røssbø