
Alt er klart til storopprydding!
Ein kan diskutera kva som er det sikraste vårteiknet: nyfødde lam, grøne museøyrer på bjørka og vårblomar i solhellingane, eller det årlege 2.toget på Huglo (like sikkert som toget 17.mai). Sikkert er det at det er heilt utruleg kva som hopar seg opp i løpet av eit år, som ein ikkje treng og er glad for å verta kvitt. Både innom- og utanomhus. Godt at ein innser at ikkje alt er “kjekt å ha” – det er mykje som heilt sikkert ikkje kjem til nytte ein vakker dag, og fint å få pynta rundt seg på Huglo til 17.mai. No er me klare for den store dagen.

Nokre vårteikn er vakrare enn andre

Og så kom traktortoget

Etter dette er Huglo ei ryddigare øy!