Huglo Ungdomslag arrangerer årets smalahovefest er 17. januar kl. 20 i Fjellheim. Inngangspenger kr 300, for medlemmar kr 250.
For utanforståande er det eit mysterium kva det er med dette smalahovedet. Kvifor et ein ikkje heller oksehove, – der skulle det vera meir å verte mett av? Eller har fest på torskehove som i beste fall og med litt innsats kunne vera gratis mat? Musikken (levande musikk i år frå 5 musikantar) og god drikke kan ein jo ha til all slags mat. Forfattar og lærar på Skrivekunstakademiet, Gunnhild Øyehaug, fortel at ho synest smalahove smakar veldig godt. Men et ho auga? “Det hadde aldri falt meg inn i måneskin. Det er absurd at man kan holde noens øye på en gaffel. Og det er sprøtt å spise noe som gliser mot deg. Men eg har venta lenge på å få skriva om eit smalahoveselskap.”
Til smalahoveselskapet på Huglo kan ho, og alle andre, gje ein bindande påmelding til Astrid Eikeland, tlf 53495644 innan 14.januar. Og kjem ikkje Gunnhild Øyehaug på festen så ho kan fortelja det sjølv, kan hugla-sida no røpa at boka hennes “Vente, blinke” er det laga film av. Den har premiere 6. mars 2015, utan smalahove.