På Tveit har det lenge vore snakk om at det igjen burde vore sauar på Tveiteøyane. Det har nemleg dei siste åra blitt ganske tett vegetasjon på dei vakre øyane på austsida av Huglo. Arne Sortland meiner at det er nærare 70 år sidan det sist var smale på øyane. Barnebarnet Øyvind synes dette var lang nok tid, så han tok saka i eigne hender!
Det var mykje planlegging som måtte til før dei fire sauene, tre lam og ein vær satte sine første steg på den austlegaste og største av Tveiteøyane laurdag kveld. Først måtte det lagast til flåte med grindar til overfarta frå Tveitevågen til Øyane. Deretter måtte dyra samlast, klippast og medisinerast før alt var klart til den siste etappen.
Ein skulle tru at det å bere smalen ombord på flåten og inn i buret skulle vere det vanskelegaste av alt, men det gjekk overaskande bra! Alle dyra, små og store, kom seg ombord, sjølv om det var eit par små mislukka fluktforsøk.
Ein ting dyra ikkje vart medisinerte mot var sjøsjuke. Det vart nemleg litt bølgjer på overfarta, og ein sau og eit lam måtte leggja seg ned. Når me nerma oss Tveiteøyane stillna sjøen, og flåten vart lagt fint inntil land. Smalen var litt skeptisk til å hoppe den siste halvmeteren frå flåten og til berget, men etter litt vurdering kom alle dyra seg trygt på land!
Smalen vil vere på Tveiteøyane til seint på hausten og vil ete mykje lyng, gras og anna vegetasjon. Vatn finn dei i pyttar og myrsøkk.
Du må ikkje vere redd for å gå i land på Tveiteøyane, den vesle smaleflokken er svært snill!
Fin reportasje, og gildt å sjå smale i Øyane att.
Ja me ungane, små og større, var alltid villige å be når me skulle til Øyane med smalen før i tida. Det var vanlege færingar me rodde dei over med. Om hausten då me skulle henta dei heimatt vart det ofte mykje springing rundt øya av oss ungane for å få samla alle. I Storøya var det vanleg å ha 4 sauer med lamb.