Søndag var det klart for den femte utgåva av motbakkeløpet til Huglo IL, og endeleg skein sola på deltakarane. Kanskje vart det òg litt for varmt for mange denne dagen, sidan berre 10 personar valde å springe den tunge løypa frå Vikasanden til Varden.
Stemninga var likevel svært god før start og på toppen, 218 meter over fjorden. Det vart ikkje satt nye løyperekordar i år, men det skal varmen og den våte myra ha skulda for.
Jørgen Austvik gjorde som ifjor, og vart første mann til topps med tida 15:23.
I dameklassen var Ingrid Lægreid den raskaste med tida 26:05
Resultat:
15:23 – Jørgen Austvik
16:02 – Kristoffer Sortland
16:46 – Dag Kjetil Lægreid
17:06 – Åsmund Sortland
17:15 – Nils Henrik Elde
18:20 – Ola Sønnelid
21:46 – Håvard Huglen
24:02 – Haakon Huglen
26:05 – Ingrid Lægreid
26:57 – Rebecca Huglen
God innsats av alle saman!