Laurdag 2. april var det klart for det årlege Parkløpet på Stord.
I år hadde Huglo Idrettslag med heile 7 løparar, og huglarane ga dei andre løparane frå Haugesund, Stord, Os og Bergen hard konkurasse om plasseringane i dei ulike klassane.
Parkløpet blir arrangert i byrjinga av april kvart år. Løpet går rundt Vikastemmo (Andadammen) ved Vabakkjen. I år var det innlagd KM, som gjorde at mange klubbar deltok. Men det var bergensklubbane som dominerte i nesten alle klassane.
Resultat i klassane som huglarane deltok i:
Jenter-rekrutt, 350 m:
1. Ida Holm Neset – 1,23,2 – Stord IL
9. Engeline Margrethe Haukanes – Huglo IL
Gutter-rekrutt, 350 m:
1. Max Bloch – 1,22,5 – Stord IL
4. Knut Elias Haukanes – 1,28,9 – Huglo IL
6. Jacob Svendsen – 1,29,9 – Huglo IL
Gutter-11, 600 m:
1. Fabian Rimestad – 2,03,5 – Bergens TF
5. Lars Olai Haukanes – 2,18,8 – Huglo IL
Gutter-12, 600 m:
1. Magnus Vonen – 1,51,4 – Varegg Fleridrett
3. Erling Anthonessen – 2,16,7 – Huglo IL og Stord IL
Gutter-14, 800 m:
1. Lars Lunde – 2,33,4 – Stord IL
4. Åsmund Sortland – 2,55,7 – Huglo IL
Jenter-15, 1000 m:
1. Amalie Lekva – 3,27,6 – Idrettslaget Norna-Salhus
5. Mariell Runderheim – 4,03,9 – Huglo IL og Stord IL
Imponerande.!
-kjempeflott å sjå at det er så mange unge, lovande friidrettsutøvarar på øya.