Søndagsopen butikk i juli

12,4 grader i sjøen – kor blei sommaren av?  Og så er brennmanetane kome, veldig mange brennmanetar!  Det er jo faktisk eit sommarteikn, men eit me godt kan vera forutan.

Elles melde Huglabutikken at dei skal ha søndags-ope i juli i år òg, frå klokka 14 til 17.  Me får håpa at veret vert betre på søndagane i juli enn i fjor, då regna det så det det ikkje var moro å kjøpa is ein gang.