No bugnar skog og mark av nydeleg mat! Det er, som dei fleste veit, ikkje alltid dei vakraste som er dei mest helsige, så ein bør jo vita godt kva som er menneskeføde og kva som berre er fint å sjå på. Nokre heilt sikre slag finst, piggsopp ser ut som piggsopp, kvit og med piggar på undersida og den kan ikkje forvekslast med noko giftig. Kantarellen kjenner dei fleste, den liknar og berre på seg sjølv. Matriske har orange hatt ofte med grønaktige ringar, den er særs orange på undersida (skiver) og har hul stilk. Med boka Norske Sopper som kjelde kan eg seia at ingen rørsoppar er giftige, men ikkje alle er like gode matsoppar. Ein kan altså trygt eta ein steinsopp ein er 99% sikker på at er ein steinsopp, den eine prosenten førar ikkje til nokon katastrofe.
Den beste måten å ta vare på sopp, om ein plukkar meir enn ein et same dagen, er å forvella 4-5 minutt i eigen kraft og så frysa i tett porsjonsemballasje. Då held soppen seg i eit år i frysaren. Steiker ein soppen i smør, held den seg ikkje lenger enn smøret, kanskje 2-3 månader i frys. Tørking er og ein god måte. Særleg traktkantarellen, men og andre slag, kan ein etter tørking mala, ha på tett glas og nytta som krydder i saus og suppa. Ein, eller eit par, skeier soppulver, så smakar heile sausen nydeleg sopp.
