Ein dag utan å pendla er ein bortkasta dag! Vel, så gale er det kanskje ikkje, men me pendlare ville ikkje ha vore utan den faste samlinga om morgonen ombord i Utstein. Gode greier med bord å benka seg rundt, ikkje nokon usosial bussrekkje. Her kan alle snakka med alle – nokon gonger så ivrig at alle snakkar med alle samstundes og ingen høyrer kva tema sidemannen berre MÅ ta opp. Her får me siste døgns nyhende, det rosast til dei som har bidrege med noko positivt, det leggjast planar og gjerast avtalar. Kven har fått lam, kor er fisken, for ikkje å nemna alt snakket om fastsambandet! Men kor vert det då av morgonsamlingane våre? Sjølvsagt har me huglo.no, men øya vert ein viktig sosial møteplass fattigare. I alle fall for oss pendlarar.
Del dette innlegget