Spanande å bu på ei øy

Kanskje kjem ferja seg avgårde i rett tid imorgon, så me slepp å igjen forklara på jobb og skule at me bur på Huglo, som er ei øy. I hele ca. 2 veker nå har M/F Folgefonn greid å halda det ruta lovar.  Men i dag var det slutt.  Ferja som skulle ha frakta folk og bilar frå Huglo kl 06.00 og kl 07.15, gjekk frå Huglo kl 08.10.  Kanskje kunne viktige møte utsetjast og læraren gjenta den undervisninga som vart gjeven i fyrste time, men på Flesland har dei lite forståing for ferjeproblem og nektar å halde igjen det flyet me skulle reist på ferie med.

Huglarane får sende eit kollektivt ynskje til julenissen:  Ei driftsikker ferja for 2019.  For å ynskje til ferjeselskapet nyttar ikkje.  Det har mange prøvd før.

Mange venta tolmodig i morgontimane i dag.