Laurdag 21.juni var det duka for 25 års jubileum for Midnight Sun Marathon i Tromsø. Over 5000 løparar frå meir enn 64 nasjonar stilte i dei ulike klassane.
Huglo var representert med Linda Haukanes som sprang sitt første maraton. Linda sprang i klassen Dong Energy Maraton som har ein distanse på 42 km. Startskotet gjekk klokka 20.30 på kvelden, og ho kom i mål klokka 00.55, etter 4 timar og 25 minuttar. Sjølv seier Linda at ho hadde ein fin tur, men at den siste mila var spesielt tung.