St. Hans-feiring på Leiro

Store og små møtte opp til St. Hans-feiring på Leiro på onsdag. Været var fantastisk, og det var ein kjekk kveld. Det er usikkert kor stort oppmøtet var, men det var i alle fall 70 som kom.

Sjølv om floa kom og pressa folk lenger opp på land, så la den ingen dempar på den gode stemninga.

Idrettslaget hadde laga bål og selte grillmat og brus. Dei fekk mange gode tilbakemeldingar.

Tidlegare på dagen vart det og arrangert fotballkamp på Leirvikestølen.  

Det var ein uvanleg fin St. Hans-feiring!

Foto: Asbjørn Sortland