I dag monterte Håkon ny rednings- og badestege ytterst på flytebrygga til gjestehamna. Tilogmed med redningsbøye! La oss håpa at stegen berre trengs til badetrapp – og at det framleis er nok igjen av sumaren til at den vert brukt.
Badetemperaturen i Huglavikje er framleis 18 grader, sjølv om det berre var 7 grader i 5-tida i natt.
Hopp i havet!