Svanefamilien vår

Wenche har fått seg ekstra-jobb:  Å mata svanefamilien vår, mor, far og tre ungar som antakelig er omlag tenåringar.  Dei vekslar mellom kyllingpip og å imitera faren når han kvesar mot katten Katja.  Katja likar å erta, ho set seg ytterst på kaikanten, akkurat utanfor rekkevidden til den kvesande svanepappaen, vel vitande om at dette er ikkje fuglar ho kan jakta på som dei på fuglebrettet, men dei er nå veldig interessante, då.  På bakrommet til butikken har Wenche ein plastikkpose merka “svanemat”, der er det mykje godt.  Det vert fest når eit  julebrød  er gått ut på dato!  Eg lurer på kor mykje ei svane et kvar dag?  Desse verkar nesten bottenlause, eit brød på deling til dei 5 går fort unna og dei tigg framleis.  Endene – dei har vore så mange som 7 – får ingenting, og sjølv Halvor held seg på respektfull avstand frå svanene (men endene skal ikkje få mat om det er opp til han).

Kor er maten vår?
Er det julebrød?
Meir! Meir!