Stord kommune
Svar Dato: 09.05.2023 Ref: 2022/4413 – 15817/2023 / 30813 til Eldrerådet
Svar på førespurnad / interpellasjon Svar oversendingsframlegg frå eldrerådet – heimehjelp/heimesjukepleie til innbyggjarane på Huglo
Spørsmål:
Stord Eldreråd vedtok følgjande oversendingsframlegg i møte 06.03.2023.
Spørsmål til administrasjonen
På Huglo bur det i dag mange eldre, og ein må rekna med at fleire av desse vil ha behov for heimehjelp i ulik grad før dei eventuelt kan få plass i omsorgsbustad eller på sjukeheim.
Har kommunen i dag ein plan for korleis ein på tilfredsstillande måte kan handtera ein situasjon der innbyggjarar på Huglo treng heimehjelp/heimesjukepleie eventuelt fleire gonger i løpet av døgeret?
Eldrerådet ønskjer svar på spørsmålet i neste møte.
Svar:
Takk for eit interessant spørsmål og relevant problemstilling.
Innbyggjarar på Huglo som treng helsehjelp på eit «lett» nivå, som praktisk bistand, hjelp til dusj eller anna hjelp inntil ein gong dagleg kan heimetenestene yta på Huglo, sjølvsagt avhengig av ferjetilbodet.
Dei av innbyggjarane som i ein periode får behov for hyppige besøk t.d. ved ein kurativ behandling, må me kanskje gi helsehjelp på Stord. Her vert det vurdert ulike, individuelle alternativ. Dersom dette eksempelvis varer eit kortare tidsrom, kan det vera aktuelt med eit korttidsopphald på institusjon eller opphald i anna bustad alt med bakgrunn i funksjonsnivå og individuell vurdering.
Det er ein mogleik å tenkja seg å ha ein tilgjengeleg leilegheit på Stord som kommunen kan nytta i ein slik samanheng, og som kan nytta tenester frå heimebaserte tenester. Denne kan kombinerast med andre funksjonar, til dømes som trenings-/ opplæringsbustad for andre innbyggjarar og. Dette vil bli tatt med i vidare planlegging av helse- og omsorgstenesta på Stord.
Anne Karin Fossdal kommunalsjef 1