Denne veka handlar historia om jordmora Tora Huglen
Arne Sørli fortel:
Tora reiste frå Huglo til Bergen og utdanna seg til jordmor. I 1916 vart ho tilsett som jordmor på Huglo, Agdestein, Børtveit og Mehamar. Ho vart óg henta til fødande heilt nord til Raunholm, Skår, Laukhamar, Flornes og Skorpo. Det var nok ikkje alltid så greit å verta henta, kanskje nattes tider med sterk vind, og å måtta kryssa Nuen, nokon gongar i robåt.
Det fyrste barnet Tora tok imot, var Andreas Haukanes den 5. april 1916. Det siste barnet var Sven Lunde 3. oktober 1957. I alt tok ho imot 293 barn. Det største barneåret var 1922 med 16 barn.