I år, som fleire julekveldar før, var bedehuskapellet på Huglo fullt av huglarar, hyttefolk og slekt og vener. Det har heldigvis vorte ein fin tradisjon med julaftengudsteneste på Huglo. Korpset spela både før gudstenesta og til salmane, og etter ein litt spanande ventetid kom prest Larsen seg fram til kapellet på dei glatte vegane. Velsigna julehøgtid, alle!
Del dette innlegget