På siste møtet i Eldretreff for sumaren vart idéen med trim for oss eldre kasta fram. Me har vore i kontakt med kommunen si eining for fysioterapi, som meinte dette var eit strålande tiltak. Så det vert oppstart med fysioterapeut
fredag 4.oktober kl 12.45 i Bygdahuset (“i klasserommet”)
Denne fyrste gongen brukar me noe av tida til å snakka om kva som kan vera aktuelt for oss eldre som ikkje synast at me høyrar til på mandagstrimmen . Ingen treng å ha prestasjonsangst, her gjer kvar ein av oss det me maktar.
Det er særleg viktig for oss eldre å trena balanse, og styrke i beina, det kan en godt gjera sjølv om ein held godt fast i ein stol som støtte. Berre ha på klær som er gode å bevege seg i.
Treng du skyss? Ring Wenche, tlf 924 45 863, så ordnar det seg.
Biletet er frå 17.mai 2016. Det var den gongen . . . .