Det er mykje moro med eit trollgarn. Og ein ting er sikkert: Finnast det noko levande som garnet står i vegen for, så fangas det i garnet sine mange masker. Alle sortar fisk, krabbar, ein og annan svart kardinal som berre gjev glede i oktober-november, og sørgjelek nok, av og til ein sjøfugl som har dykka etter fisken i garnet.
Det tek tid å reinska eit trollgarn, men ein kan anten vara to om jobben og då er han ganske sosial og hyggeleg, eller ein kan stå aleine – men det er likevel ikkje ein uoverkomeleg oppgåve. Vanlegvis. For nokon gonger kjem garnet opp av sjøen så samanknytt at det tek sjølv ekspertar timevis å finna ein utveg. Og spørsmålet ein har, er: Kva i alle verda har vore i dette garnet – og greidd å koma seg laus? Ein havål? Eller ein ekte sjøorm? Det får me aldri vita! Forferdeleg frustrerande, ein kan sjå føre seg ein spanande storfangst som ein gjekk glipp av, og som ein aldri kan skryta av på kaien om sumaren når gode fiskehistoriar vert fortalde. Og nesten endå verre: Det tek timesvis, om ikkje dagesvis, å få løyst opp ei slik floke!
Det er ein gamalt ord som sier: ” Vil du gje uvenen din ei gåve, gje han eit trollgarn”. Og der me sit meir og meir irritert og ikkje får opp floka, skjønar ein godt sanninga i dette ordet.
No er eg mest spent på kor mange timar det tar for meg å redda dette garnet på biletet til vidare bruk. Kom til meg, tolmot!