Huglo har fått sin eigen kafe! Lokalet til den nye møteplassen er Bedehuset, der huglarane kan stikka innom for å møtast, drøsa og smaka på Turid sine kaker. Ei suppe vert det kanskje og. Og så vil Turid selga Drops garn på kafeen. Ho har tatt inn 100 kg garn, så det skulle vera noko for einkver smak og strikkeoppskrift.
Fyrste dag – opningsdagen – er laurdag 6. september, sjå den fine plakaten. Turid seier Velkommen!