![post 2](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2011/05/post-2-300x224.jpg)
Eg fann, eg fann!
No legg nokre trufaste eldsjelar ut postene til turorienteringa! Eit fast vårteikn som fortel at no nærmar me oss påske og tursesong i marka. Kart vert som vanleg å få kjøpt på Huglabutikken.
Ein stor takk til dei som tek arbeidet med å leggja dette tilrette for oss andre – som håpar at det ikkje vert altfor mykje brakje som skal forserast før me kan skriva namnet på pappen i glaset.