Frå Stord kommune, rådgjevar idrett og friluftsliv Sylve Rusten, har huglo.no motteke følgjande:
“Hei! Ser i “Stordnytt at eit av “dei nye flotte “turskilta våre er “fjerna. På “Reset”, på toppen “av bakken opp “frå ferjekaien på “Nordhuglo, vart “det for ei stund “sidan montert “skilt som peika turvegen mot Høgdafjellet (Varden) 218 meter over Langenuen. “Brått var skiltet vekke, berre pålane står att. Dette var eit av dei moderne “turskilta, oppsett med støtte frå kommunen. Kvar vart det av?
“Frå før er det kome ei melding om at eit anna og er fjerna/utsett for herverk.
“Det er veldig trist at dette skjer. 2 av 6 skilt er no vekke frå denne turen. Skilta “er sett opp i samarbeid med Stord-Fitjar Turlag for at folk lettare skal finna “fram. Om det er slik at ein meinar at skilta burde stå ein annan stad er dialog “eit vaksnare alternativ enn fjerning. Berre skilta kostar kring 300,- kroner “stykket, i tillegg kjem pålar, skruar og arbeidet med å setja dei opp.
“Kommunen har ganske vide fullmakter når det gjeld merking av turvegar i “Friluftslova: §35: Kommunen kan varde og merke opp ruter og turstier i utmark . “. . . .. . . Kommunen kan gi organisasjoner som har til formål å fremme reise- og “friluftsliv, rett til å varde og merke opp ruter og turstier i utmark. . . . . .
“Om nokon har funne skilta eller har dei, vil me gjerne vita dette. Tiltaket var “meina positivt og trivnadsskapande for folkehelsa både for fastbuande på Huglo “og tilreisande.”
Brevet talar for seg sjølv.