Det var 20 frammøtte huglarar på møtet, noko som er færre enn tidlegare år.
Faste postar: Gjennomgang av årsmeldinga ved leiar Øystein, årsreknskap ved kasserar Nils.. Det vil koma ny kontoplan som skil mellom dei ulike prosjekta.
Val av nytt styre :(Leiar Øystein ut etter 4 år), ny leiar Sigurd Huglen, kasserar Nils Dale Elde (gjenval), skrivar Kirsti Heggland og styremedlem Øyvind Sortland (ikkje på val), nytt styremedlem Njål Sortland, 1.vara Hege Elin Haukanes, 2.vara Jon Olav Heggland (ny). Revisor Hedvig Flornes (gjenval). Valnemd: Albert Eikeland og Øystein Huglen. Signaturrett og fullmakt på konto: Leiar og kasserar.
Saker for nytt styre:
- Reparasjon og rydding på ferjekaien.
- Tilstandsvurdering av kai på Sørhuglo.
- Vikasanden: Trenger noe annet og mere enn vanleg dugnad jfr. alle rotveltene etter “Nina”.
- Samsonhagen: Arbeidet med å byggja tomannsbolig for utleige, finansiert av kommunen, startast.
- Skulen: Nils har hatt diverse møter med kommunen, bl.a. rådmannen. Kommunen vil ikkje løyva meir enn kr 50.000 pr. år til drift og vedlikehald av bygningen. Sist år, utan skuledrift, var utgiftane kr. 150.000,- . Bygningen må nyttast til noko inntektsgivande dersom Bygdalaget skal kunne forplikta seg som eigarar av bygningen. Bygdalaget har engasjert takstmann Sigurd Hauglum, som vurderer at det i dag vil koste 12 – 13 millionar å reisa ein tilsvarande bygning. Med fradrag for tid og manglande vedlikehald meiner han teknisk verdi er 2 – 3 millionar, markedsverdi 1,5 millionar.
- Initiativ til tiltak som gjeld Huglo, har Nils fått signal frå kommuneansvarlege at må koma frå ungdomen på Huglo, som skal vera her i framtida.
- Bulystprosjektet, også kalla Øyliv, vert formelt avslutta i oktober i år. Øyliv har kjøpt framsyninga “Historien om en sang” med Tore Strømme for framføring i Kulturhuset på Stord 19. september. Det vert eit åpent arrangement, men leiar for Øyliv håper at huglarar kan kjøpa billetter på Huglabutikken – til huglapris.
Huglo Bygdalag – alle huglarar – takkar Øystein for alt arbeide han har lagt ned i dei 4 åra han har vore leiar av laget.