Bratt fall i “kondis” blant huglarar og hyttefolk? I fjor var det 14 som sprang Varden opp så søla skvatt, i år var det 9, og vinnartida gjekk ned med ca 5 minutter. Men sett frå godstolen er det likevel utrulig at folk vil seg sjølv så vondt som å springa oppoverbakke, det må liggja mykje viljestyrke og trening bak!
Og i år var det våte patier i myrane. Løypa var grei til Storavatnet, men så var det ganske bratt rett som det var. Dei som hadde løypekart på mobilen, fekk på slutten ein mørkeblå strek – men opp kom dei! Alle 9 sprekingane!
Vinnar i år var Håkon Huglen med 19.15, så kom fyrste dame Hanne Kjos på 20.15 før dei neste i herreklassen. Torbjørn Caldwell Nødland var einaste deltakar i klassen f.2007 eller yngre.
Vinnarane i sin klasse fekk ei flaske med rabarbrasaft, og alle deltakarane fekk ein is. Her er det likestilling, FIFA har noko i lera av bakkeløpet Huglo opp.
Vel blåst! Og så er det berre å forbereda seg til neste år.