For sjette gong får du sjans til å delta i “varden opp” på Huglo.
Dato: Søndag 3.august
Tid: 13.15
Start: Vikasanden
Startskontigent: 30 kr
Premie til dei tre første i dame og herreklassane
Idrettslaget lagar bål, sel brus og kaffi på toppen.
Starten på motbakkeløpet går altså frå Vikasanden og bratt opp til hovudvegen. Derfrå følgjer løypa asfaltert veg ned til 1913 før den går vidare slagt oppover skogsveg, sti og myr. Så gjeld det å ha spart litt krefter til den verkeleg bratte stigninga mot slutten.
Det vil vere ein dameklasse og ein herreklasse, og rekordane som deltakarane skal forsøkje å slå er:
Dameklasse: 14:47 – Kristin M. Stemland (2011)
Herreklasse: 14:21 – Jørgen Austvik (2012)
Arr. HIL