Like etter påske reiste Alf Einar Notland og underteikna til Island for å promotera det gode øylivet på Huglo for folk i Reykjavik. Turen er del av eit samarbeidsprosjekt mellom øysamfunna Espevær, Fjelberg, Møkster og Huglo. Desse fire øyene ligg alle i Sunnhordland og har mykje felles, mellom anna ønsket om å auka busetnaden. Til Espevær og Fjelberg har det allereie flytta islandske familiar og dette var utgangspunket for at dette samarbeidet og denne turen kom i stand. Alle desse øyene er del av “Liv og Lyst” – prosjektet i Hordaland, så turen var organisert av leiar i dette prosjektet frå fylkeskommunen. Han var òg med på turen saman med ei frå fylkesmannen, to stykk frå Fjelberg og ei frå Kvinnherad kommune.
I Reykjavik var det ymse møter og seminar, mellom anna med den norske ambassadøren og med ei frå universitetet i Reykjavik som snakka om bygdeutvikling på Island. Alt dette var interessant og godt å få med seg.
Hovudtida der borte vart likevel nytta på kjøpesenteret Kringlan der me hadde stand, delte ut brosjyrar og snakka med folk. Me var både spente og litt usikre på korleis dette ville gå, men responsen var overveldande positiv! Folk rant på og mange stoppa lenge og snakka med oss. Mange var svært interesserte i å flytta til ei lita øy i Sunnhordland. Både familiar og unge par, sa dei hadde lenge snakka om å kanskje flytta til Noreg og prøva noko heilt nytt. Så me følte verkeleg me var på rett stad til rett tid. Me har allereie fått mail frå eit ungt par som gjerne vil flytta til Huglo og fleire sa dei skulle senda mail, så det vert spanande dagar framover.
Sjølv om det var mykje positivt på Island så er det no arbeidet for alvor tek til. Me håpar og trur huglarane alle vil ta tak i prosessen med å kartlegga jobbmogleikar og bustadar, og ikkje minst i å ta godt i mot dei som vonleg kjem hit til oss.
Tekst og bilete: Øyvind F. Sortland