Huglo er absolutt ikkje noko dårleg stad å bu på for den som er glad i snø, ski og fjell. Sjølv om øya ikkje kan freista med dei høgaste toppane og dei vidaste viddene er her rikeleg av flotte plassar for turar med ski på beina.
No i jula har det vore mykje snø på Huglo. Det har blitt gått opp skispor på bakkar og langs vegar mange stadar på øya. I Sørhuglo har det til og med vore oppkøyrte løyper med fine spor for treningsturen.
Ein fin tur går langs bakkane frå Grovo gjennom Løkjen og over Tveitevatnet. Vidare kan ein gå opp og rundt Tveit og ned på vatnet mot Sørhuglo att. Ein romjulskveld var me ei lang rekkja av unge og eldre ungdommar som gjekk kveldstur her. Gradestokken viste nærare 15 kuldegrader, og det er ei spesiell kjensle å gå over vatnet i stjerneskinet. Det var ein flott kveld der me varma oss saman rundt bålet før turen heim att.
Ein annan flott skitur går frå Nittentretten og oppover Kaldedalen over myrer og gjennom furuskogen. Her er blitt rydda ei fin løypa og no er der gode spor heile vegen. Øvst i dalen kan ein anten gå aust og over mot Haukanes eller ein kan følgja løypa bratt opp i skaret aust for Varden. Her var det flott å køyra ned på ski på det flotte føret no i jula. Etter at ein har sveitta seg opp skaret er det skituren for alvor kan starta. Herifrå er det småkupert og fint å gå over heile fjellet heilt til ein ser ned i Laukhammarsund nord for Huglo. Her er små vatn og tjødner, bakkar til å renna i og toppar der ein kan nyta utsikta heilt frå Fodno og Rosendalsfjedlo i aust og over heile Sunnhordland mot havet i vest. Det er nesten som ein gløymer at ein er på ei øy berre eit par hundre meter over havet der ein går. Og her er god plass til å legga sporet der ein vil. Kanskje ser ein hjort, mår eller som underteikna såg 2. nyttårsdag: ryper. Ja, me såg seks ryper på fjellet på Huglo! Det er første gongen me har sett desse flotte fuglane her, så det var verkeleg prikken over
i-en på den skituren. God tur på vinterøya Huglo!
Tekst: Øyvind F. Sortland