Diktet nedanfor er henta frå VON nr. 6, 12 årgang, sundag 1.mai 1932. Underteikna til diktet står “kronblomen”, diverre veit me ikkje kven dette er, men at det er eit flott dikt, det skal vere sikkert.
Smil
Smil til folk og smil til krøter.
Smil til alle som du møter
Smil til høge, smil til låge
Smil til sure, smil til fjåge
Smil til alle verdens kantar
Smil til fine folk og fantar
Smil til gamle, smil til unge
Smil til lette, smil til tunge
Smil i dagens tunge slit
Smil um hunden gjøyr og bit
Er du nokon gong i tvil,
høyr mitt råd og berre smil
ler dei åt deg, berre smil
låtten sluttar utan tvil
Um du trur at alt går skitt,
berre opna munnen litt
og smil.
– Kromblomen
Det var frå gamalt av ein tradisjon av huglaungdommane å skriva i “bladet” dei kalla VON. VON var lagsbladet for Huglo ungdomslag. I bøkene finn me stort sett tekstar frå lagsmøta og tilstelningane til ungdomslaget, men også lokale nyhende, dikt, referat, talar, lysingar og mykje “likt og ulikt” frå øya vår.
Tekstane er nedskrivne i bøker. Bøkene gjekk på rundgang blandt ungdommane, og har slik mange ulike forfattarar. Tekstane lesne opp på ulike tilstelningar i Fjellheim. Diverre er det ikkje alltid like godt dokumentert kven som har skreve dei ulike delane. Her ligg det mange “gullkodn” og kloke ord gøymt. Huglo.no vil difor plukka ut nokre av dei. Truleg er det fleire av VON-bøkene som befinn seg “rundt om på bygda”