Von
Nr 18 Onsdag 17 mai 1933 13årg
Frå Nordhuglens vindmøllestasjon
Etter at arbeidslivet har lege nede i lengre tid her på Huglo er det no ei ljosning å merka. Både innan byggeindustrien og skipsfartens område er det no betydeleg framgang og betring. Den kjente finansmann bankier Erling Tveit skal soleis upp med ein skyskrapar. Den skal vera på 60etasjar, og byggjast i funkisstil. Arbeidet skal utførast av byggmester B.Huglen.
Samstundes vert meldt at luksusskipet M/s Augusta som i vinter leid havari skal no reparerast og modernisertast. Foruten at skipet skal forlergjast ein del skal det ogso utstyrast med hypermoderne greider. Når skipet er ferdigt er det meiningi å setja det inn i ruta millom Huglo og Sydamerika.
Bladstyrar Erling Røsbø.