Mai
Mai! Ja kven hev vel ikkje gledt seg til mai, den fagraste årstidi me hev, bøen står der grøn med skinande morgondogg og bjørki hev fenge på seg dei fine vårkledi, lidar og dalar er kledt med alle dei blomar som vår fagre natur har å bjoda oss. Fjosen ligg der so speglande blank, kanske fordi alle dei blomar og tre skal få sjå lit av seg sjølv denne tidi. Ja, det er verkeleg ei fager tid ein slik vår. Aldreg er det lettare i hugen, som just i mai, aldreg tenker du slik, eller lenktar ut slik som i mai, då er du fyldt av utferdslengsel og eventyrlyst. ”ut vil jeg, ut over de høie fjelde”. Slik er det med meg, og kansje har du følt litt av det same, når du hev stode åleine ein fin vårkvell mens sysvorti syng sine kjende og fagre tonar, og du hev sett dei blånande fjelli langt burte, med dei mange snøfonner hist og her, der som er bratt og baksies, dei vil liksom gjøima seg vekk for dei kraftige Solstråler. Sannelig er det fagert ein slik vårkveld, og lukkeleg er den som hev fenge auga for dette og ikkje sig saman i likesela. Er du motlaus og motlaus skal du taka deg ein tur uppetter lidi ein slik fager kveld, då skal du sjaa, at dine sorjer vert lettare og bera. For sanneleg er det litt av ein upplevelse å vera ute ein kvell når alle fuglar syng sine glade tonar til sin skapars pris. Kanske kunde me lera litt av dei. Kunde me berre synja meira, skulde nokk livet bli ljosare for os. Ver ikkje redd for at andre skal høira deg fordi um du syns du ikkje hev sangstemma. Syng i dit arbeid, syng på din veg, syng um morgon og syng um kvell, då mot di framtid du vil gå med hell. Om du syns du ikkje kann noko, so berre lag tonen sjølv etter som du treng han, gjerne kan du laga ori okso, so skal du få meira luft under dine venjer, og du skal lettare kunna fyka den veg du er bestemt for i livet.
Mai du kjære, med sol med regn, og alle dei lysande netter, du grønkar kvar busk, kvar turkande hegn etter den isnande vetter. Mai du ljose og elskar deg so, som kjem har med alle dei blomar, heilt frå den største, og ned til dei små, og gauken han gjel so det ljomar.
Då lyttes mine tankar, som farer so vidt høgt yver åsen og tindar. Vetterens sorger er eg då kvitt eg fylles av glade minner.
Torvald Lunde