Årets Vyborgbasar var ein fest! 160 personar med stort og smått hadde møtt fram med opne lommebøker, der var flotte gevinstar, god mat og andeleg føde og. Innkommen totalsum: nesten 168.000 slår alle “gamle” basarrekordar! Pengane kjem godt med, for den sosiale og praktiske nøden er stor i Vyborg. Og kvar krone kjem fram, alt arbeidet både her heime og i Vyborg vert gjort på dugnad. Dei som reiser bort med hjelpesendingane, betalar reisen av eigen lomme!
Denne gongen var det nye årar med ein nummerserie opp til 1000 og 6 forskjellige fargekodar. På den måten kunne ein trekke 6 gevinstar på ein gong. Det kom godt med, for der var særs mange gevinstar til åresalget.
Flott innsats av både alle dei som var med og arrangerte, og dei som bidrog til det flotte pengeresultatet.