Nordmenn som feirar nasjonaldagen på spanskekysten, har fått melding om at det ikkje vert bunadver – termometeret kjem til å visa over 30 gradar – i skuggen. Me er heldige, hos oss vert det absolutt høve til å nytta ein god, varm, vakker bunad, gjerne med ei ulltrøye under. At me kan koma til å trenga ein regnfrakk og/eller ein stor paraply, er kanskje baksida av medaljen. Lite å gjera med, me får ta det som kjem av vind og regn og håpa på at meterologane tar heilt feil. Det er å så fall ikkje fyrste gongen, så kvifor ikkje på torsdag?!
Ver eller ikkje, 17.mai er den dagen alle huglarar samlast og har det hyggjeleg saman. Øya har gode tradisjonar som vert gjenteke kvart år. Programmet for føremiddagen kan du sjå på biletet. Og klokka 18.00 er det tradisjonell fest på Bedehuset, med festmiddag og kakebord, Huglo skulekorps spelar og Emmaus syng. Festtalar er Liv Rolfsnes. Etterpå vert det spørjeleik. Alle er hjerteleg velkomne.
huglo.no sin redaksjon ynskjer alle som er på Huglo denne dagen, ein god 17.mai!