I år og var det ei svært hyggeleg feiring av nasjonaldagen på Huglo. Været vart bra, og alle hadde det kjekt. Dagen starta med flaggheis og nasjonalsong på skulen klokka 10.30. Etterpå var det gudsteneste i kapellet før det vart 17. mai tog med korpsmusikk.
Då toget kom tilbake til skulen, vart det ord for dagen ved russen Janne Eikeland før matøkta i gymsalen. Borna fekk brus, og det var sal av flotte kaker.
Så opna kiosken, og det var klart for diverse leikar og konkurransar for store og små.
Her kjem nokre bilete frå den kjekke dagen!
Veldig kjekke bilder!