Merkeleg: All sjekking på yr.no og på Storm sa at det for tida var overskya opphaldsver på Huglo. Og likevel måtte paraplyane opp då toget starta! Men 17.mai var det likevel, frå privat flaggheis klokka 8.00, flaggheis på skulen kl. 10.30, med mange frammøtte og skulemusikken spela. Så var det gudstjeneste med vår kjære Theodorsen i eit stappfullt bedehuskapell, langt tog tross regn og paraplyar, og den tradisjonelle matøkta i samfunnssalen på skulen. Kakene, 7 i talet, fekk raske bein å gå på – men så var dei flotte og! Og leikar for born og vaksne vart gjennomført (litt amputert p.g.a. regnvert som yr og Storm framleis fornekta). Ein flott Nasjonaldag 2013! Takk til alle som brukte tid og krefter og initiativ så me alle hadde slik ein fin dag.
Del dette innlegget