2 1/2 månad til badesesongen

Leiro er vel den mest populære badestranda på Huglo, og ein plass ein kan ta med kaffe og niste og sitja og sjå på utsikten og kosa seg.  Slik har det vore, i alle fall.  Ein tur i påskesola avdekte at i år må det gjerast ein del her før det vert koseleg .  Her er utruleg mykje plastavfall!  Men det er ikkje ein håplaus situasjon, tur nr. 2 ga raskt synleg resultat.  Dette er ein bit av Leiro kl. 17.35:

 

Og Leiro erg her er same biten kl. 18.05:

Og Leiro er så stor, at vil ein vera sosial i disse Corona-tider og vera saman , er det god plass til at fleire går der saman – med god avstand.   1/2 time, så har ein gjort dagens gode gjerning.  Det er kjekt å gjera noko som virkelig visar igjen!!

God tur!  Og god påske til alle!