Info frå Huglo IL – turorientering mm.

Me kan gleda alle med at turorienteringa ikkje er avlyst! Frå og med no og til 1. oktober er alle velkomne til fine turar på leit etter dei 25 postane rundt på Huglo.

Men me må retta oss etter nasjonale pålegg om at det i år skal vera ”berøringsfri” registrering. Difor skal folk ikkje skriva namn eller nytta stifteklemmer på postane. (Glas med papir og blyant, saman med klemmer, var allereie på plass då me fekk vita om pålegget, men dette skal altså ikkje nyttast).

Dei som ynskjer det kan sjølve registrera kva postar dei har teke og levera denne oversikta til laget til hausten.

Kart er til sals på Huglabutikken. Me ynskjer god tur!

 

Elles er me lei for at den årvisse turen til Varden Palmesøndag vert avlyst i år. Men me oppmodar veldig til å gå tur kvar for seg.

 

Styrkerom og gymsal er mellombels stengt, pga smittesituasjonen.

 

Til sist; idrettslaget set stor på pris på alle som ynskjer å støtta laget ved å vera medlem.

Kontingenten for 2020 er kr 200 og kan betalast med:

Bankkonto – 0533 37 23400

Vipps – Huglo idrettslag nr 530536

NB! Før opp namn og alder til dei du betaler for.

 

Takk for støtta!
Huglo IL