91 elevar frå Nordbygda ungdomsskule med 6 “kuuule” lærarar (sa elevane!) kom torsdag føremiddag med syklar til Huglo. 1. stopp var Huglabutikken – Wenche måtte fylle på med is og brus og grillmat etterpå. Turen gjekk til fots til Varden i opphaldsver, så sykla flokken til skulen der dei skulle overnatte, og då alle var vel i hus, kom regnet. Men det vart både grilling og aktivitetar, nokon var på fisketur på kaien på Nordhuglo. Fredag dro flokken tilbake, stemninga var god, turen var særs vellukka – dei hadde endåtil sove om natta, påsto dei, i soveposer og liggeunderlag i gymsalen. Og lærarane skrytte av ungdomane, alt hadde gått heilt bra og dette kunne dei gjerna kvart år. Kanskje – med noko ombygging – kunne Huglo skule ha ei framtid som leirskule?

Stikkord: overnattingTur
Del dette innlegget