No kosar han seg

Det er ikkje berre me som kosar oss med finveret.  Ei negativ side med varmen er at hoggormen likar å liggje framme og sola seg.  Det manar til sko over anklane dersom ein skal tur på varme stiar.  Og nyskjerrige hundar må passa snuten sin!  Merkeleg nok tålar kattar huggormbitt mykje betre enn hundar –…

Detaljar

Dette lovar bra

Førebels ser det ut til at blåbærhausten kan verta til glede for dei som tar seg bryet med å plukka.  Men nå treng hagar og utmark ei natt med skikkeleg aus – pøs regn!  Hagane kan me bera vatn til, men dei stakkars blåbæra er overlatt til gode vergudar.  Kankje ein sharman kan dansa ein…

Detaljar

17.mai på Huglo

Det vert god, tradisjonell 17.mai feiring på Huglo i år òg.  Etter dugnaden onsdag 15.mai er Huglo Bygdahus 17.mai-pynta, og programmet vert: kl. 10.30 Flaggheising på “skuleplassen” Korpset spelar Ord for dagen kl. 11.00  Gudsteneste Tog Matøkt i gym.salen  Ta med mat og servise. Sal av kaker og kaffe m.m. Leikar for små og store…

Detaljar

Minne frå 8.mai

Eldretreffet 8.mai markerte Frigjeringsdagen i samlinga si hos Turid i Konradløo. I del 4 av Bygdabøkene har mange huglarar skreve minner frå dei 5 lange åra.  Sigrun las frå Torbjørn Gram (1924 – 1999) si fortelling Småhistoriar om korleis eg opplevde krigen, og fleire fortalte om dei minna dei hadde frå mai-dagane i 1945. Arne…

Detaljar

Eldretreff

Onsdag 8.mai er det tid for eldretreff igjen!  Denne gongen møtast me I Konradløa hos Turid. Ho lagar kaffen/te og kaffemat (som me betalar kvar for oss). Og sidan dette er 8.mai, håpar me at dei blant oss som hugsar noko frå denne dagen i 1945, vil fortelle.  Me vil notere minnene og dela dei…

Detaljar

Eldretreff

Onsdag 10.april er andre onsdag i månaden, og da er det tid for eldretreff igjen.  Som vanleg i Bygdahuset, kl 15 – 17, med gode kaker og god tid til drøs.  Og så kan me dikutera om me skal ha ein avslutningstur før sommaren, og ev kor  me skal reisa.  Kom gjerne med gode idear!

Nok tilpassing

Me på Huglo treng ferja vår. Me treng kvar einaste ferjeavgang, og me treng at dei går etter oppsett rutetabell. Me treng at ho er i beredskap for brann og redning. Sjølvsagt kan det skje uforutsette ting, og me tilpassar oss. Me er faktisk veldig gode på å tilpassa oss, men altså. Me planlegg dag…

Detaljar