No er postane for 2016 på plass! Me kan sjå fram til mange fine og spanande turar. I fjor var det 191 postleitarar som hadde namnet sitt i glasa, og heile 25 personar hadde leita opp alle dei 25 postane. Dette er tydelegvis ein god motivasjon for å koma seg ut på tur og få familien med seg. Termos og Kvikklunsj i sekken, samråding om å finna posten, og gleda når ein kan ropa “Der er den!” borgar for mange gode opplevingar i naturen.
Takk til dei som tar jobben med å legga ut postane – og henta dei inn att til hausten.
Kart får du kjøpt på Huglabutikken for 200 kroner. Tar du bilder frå turen, kan du kanskje dela dei med huglo.no sine lesarar?