Det vert endring i posttenestene på Huglo f.o.m. torsdag 1. juni. Vårt kjære og trufaste landpostbud ho med den unike lokankjennskapen til namn – og unamna postkassar, Eli, vil frå da av nyta meir tilværet som bestemor, og vert pensjonist frå denne datoen. Då tek Huglabutikken over ansvaret for postomdeling og andre postteneste på Huglo. Pakkar vert ikkje omdelt, men må hentast på butikken i butikken sine opningstider. Ein kan òg henta rekomanderte sendingar, og levera ferdigfrankerte pakkar og brev – frimerke kan kjøpast i butikken. Sendingar med personleg utlevering mot mottakingsbevis må hentast hos Haga Post i Butikk (Spar Haga).
Alle med fast bustadadresse på Huglo, postnummer 5413, har fått skriftleg informasjon frå Posten.
Alle me som har vore bortskjemde av Eli sin trufaste postombringing og den unike lokankjenneskapen hennar, bør no setta tydeleg namn på postkassane sine!! Her kan ein ikkje forventa at nye kostar feiar betre enn den gamle, tvert imot!