Det var nok fleire varer enn kjøparer på Nordhuglo laurdag føremiddag, men nokon kjøparer syntes dei gjorde eit kupp, og nokon seljarar gjekk nokså nøgde heim. Her var loppemarkedvarer for kr. 1,- og ein båt til kr. 1.500,-, alså litt for einkvar smak og pengepung.
Kake- og kaffesalget, og grillmatsalget som Huglo Idrettslag sto for, samla nok mest folk – dei sto i ly for den ganske sure vinden som tingogtang-seljarane måtte tåla. Ingen klaga, det er alltid underhaldande når det skjer noko, og å treffa folk og utveksla nytt er alltid hyggeleg. Kan ein gjera ein god handel i tillegg, er det jo ekstra bra.
Loppemarkedet samla inn kr. 1.068,- til Kirkens Bymisjon, avd. Stord. På utgiftssida står 3 brot i 2 tær hos ei i dugnadsgjengen. Det er heldigvis ikkje kvardagskost, og eigaren av tærne kjem nok ikkje til å la seg skræma frå vidare dugnadsarbeide – etter ei god pause med foten på ein stol.