Til å komma i god julastemning av: Julakonsert med snø ute, og Friteam Jazzklubb frå Høgskulen på Vestlandet og Huglo Skulekorps inne i gymsalen på skulen! I år var det ein ny vri på den tradisjonelle konserten: 13 musikantar i korpset under leiing av dirigent Nick Hughes spela julesongar, også til allsong, etter tradisjonen.
Og så fekk med høyra kjende og ikkje så kjende melodiar i jazzversjon. Desse musikantane hadde spela saman før, det var moro å sjå korleis dei kommuniserte mens dei spela, med blikk og små gestar og soloinnslag, veldig flott å høyra på!
Huglo skulekorps er lauseleg sett saman av ei “hard kjerne” og til- og frå musikantar med god tilknytning til Huglo. Og så har korpset 4 aspirantar! Tre av dei var tilstades og spela to eigne nummer. Applausen kunne tyda på at dei godt kunne ha spela eit ekstranummer, me er glade for tilveksten!
Og som på alle samankomster på Huglo: Gode kakar, kaffe – og julabrus! Og utlodding både av blomar og andre fine gevinstar.
Tusen takk til musikantar frå fjern og nær, bakarar og dugnadgjengen som sto igjen med oppvasken!