Laurdag 27. oktober var det på ny klart for messe på Huglo. I år som sist ( i 2010) var messa i gymsalen, og den vart full denne gongen òg, med 14 salsbord og mange folk som ville komme for å handle og sjå på dei mange flotte tinga.
Her kunne ein blant anna kjøpe alt frå diverse husflid, lefser og anna bakst, til treprodukt, godteri, pyntesaker og hoggestabbar. Her var altså litt til ein kvar smak, og dette kunne ein sjå ved at det var svært få som gjekk tomhendt heim att.
Arrangøren Huglo Bygdekvinnelag hadde laga til kafè der det vart seldt gode kaker, kaffi og raudbetsuppe.
Ros til Huglo Bygdekvinnelag som oppretthaldar denne flotte tradisjonen!