17.mai på Huglo vart akkurat så strålande som alle håpa på. Sumarver, musikk, bedehuset har sjeldan våre så fullsett til gudsteneste, og til festen i samfunnssalen og leikane var det mellom 90 og 100 frammøtte. Det må vera rekord for ei øy som har ca. 80 fastbuande! Me let bileta tala for seg sjølv. Har andre fine 17.mai bilete dei vil dela, kan dei sendast til post@huglo.no. Det hadde vore kjekt med bilete frå leikane!