Vikasanden vart sikkert fin etter dugnaden på fredag – men her er Solfrid, som på eige initiativ og åleine rydda Gurivikjo for søppel nok til 8 sekker, pluss alt det som ikkje fekk plass i sekker! Diverre lar “før”-bileta seg ikkje lasta ned, men her er “etter”-biletet. Det talar for seg sjølv. Og no er Gurivikjo ein veldig hyggeleg plass å gå på tur til. Det måtte traktor til for å få vekk søppelsamlinga, der hjelpte Eline til.