Torsdag kveld small det kraftig frå Berrføttvikjo/Sago – og resultatet er at strando og bakken no ligg på ca. 5 meters djup og den nye vegen er borte den òg. Utover i huglovikjo og sørover Langenuen driv det hele furutre, dei fleiste sprengt sund, men store nok til at det ikkje er moro i treffa dei med ein båt i god fart. Så sjøfarande: SENK FARTEN. Ein ca. 3 meter høg flodbølge vart stoppa av at det var fjøre sjø, så skjæret på Salthello tok imot det meste.
Vegen skulle leggjast med så lite inngripen i terrenget som mogleg, var meininga. Større inngripen enn her, når dette uhellet har skjedd, er det vel vanskeleg å få til? Det vert spanande å følgja bygging av veien vidare.