Forrige helg inviterte ØYLIV / bulystgruppa til kurs i Fjellheim for innovative huglarar. Kursdeltakarane fekk innblikk og tips i korleis ein går fram når ein har ein god idè eller ønsker å starte eigen bedrift.
Dei 8-10 kursdeltakarane fekk blant anna prøve seg på ulike modellar og analysemetodar for å kartleggje dei ulike momenta som må takast hensyn til når ein skal skapa sitt eige levebrød.
Kurshaldaren var Magne Raknes, tidlegare nærings- og utviklingssjef i Bømlo kommune.