Styret 2014:
Leiar Øystein Huglen
Kasserar Nils Dale Elde
Skrivar Kirsti Heggland
Styremedlem Øyvind F Sortland
Styremedlem Gro Anita Nesse
1.vare Ragnhild Svendsen
2.vara Hege Elin Haukanes
Revisor Hedvig Flornes
Laget har hatt 6 styremøter.
Bygdalaget har stått for 17.mai tilskipinga på skulen med ryddeaksjon i forkant. Det vart skipa til familiedag i Tveitevågen på sumaren med Øyvind som primus motor. Eit svært vellukka tiltak.
I november skipa laget til haustmøte med m.a. velkomsthelsing til nye huglarar. Saman med Bulystgruppa har det vore organisert dugnad på barnehagen for å få den omgjort til utleigebustad.
Etter mykje påtrykk frå m.a. Bygdalaget, har kommunestyrei i budsjetthandsaminga vedteke å løyva midlar til vatn- og avlaupsarbeide på Nordhuglo, slik at avtalen Bygdalaget har med kommunen om utleigehus i Samsonhagen, no kan startast. I same budsjetthandsaminga vart det budsjettert pengar til ferdighandsaming av kommuneplan for fastsamband for Huglo.
Ei av laget sine faste oppgåver er vedlikehald og drift av Vikasanden. etter “Nina” si herjing er det trong for ein ekstra dugnadsinnsats før sesongopning.
Kommunestyret har vedteke å selja Huglo skule til Bygdalaget. Avtalen er enno ikkje underskriven, men det vert arbeid vidare med saka.
Gratulerar til Turid som har fått i gang kafè i bedehuset. Flott tiltak!
Til sist vil Bygdalaget takka lagslivet og enkeltmenneska på øya for arbeidet dei legg ned for å gjera Huglo til ein god stad å bu. Nokon som kanskje har utmerka seg litt ekstra i så måte er Solfrid som har rydda strendene langs Hommandeneset for boss, og Eline som held stien og området rundt gravrøysa på Hommandehaugane ryddigt og framkommeleg.
Ei gladmelding på tampen: Det ser ut til at det blir lagt ny oljegrus på Huglavegane i år.
Øystein Huglen